kinShips


Sprang sundag 29. oktober 

kinShips er ein hyllest til den utvida familien (kin). Ein hyllest til dei symbiotiske allierte organismane som er rundt oss til dagleg, og beskyttar oss mot inntrengjarar.
Prosjektet inviterer publikum inn i det mikroskopiske på huda, til eit omfamnande univers av mikrobiell rørsle.
kinShips utforskar gjensidig sameksistens og utveksling.
kinShips er laga for 0-2-åringar med deira vaksne. Reisa foregår i ditt eige (kin)skip; ei enorm eincella bakterie med plass til deg og den sjølvvalde familien din. Der får de ei varm, trygg, flytande reise der de kan kvile, kjenne og undre; saman.

Forestillinga varar i ca 35 minutt.
Produsent av forestillinga er Øyteateret (Øy), i samproduksjon med Dansens Hus.
Konsept, dramaturg: Ellen Jerstad
Koreografi: Roza Moshtaghi
Dansarar: Ida Haugen, Caisa Strømmen Røstad og Janne Hillestad Mikkelsen
Inspisient: Kristina L. Høydal
Musikk: Torstein Lavik Larsen, Magnus Nergaard, Heida Karine Johannesdottir, Anja Lauvdal
Scenografidesign: Baum & Leahy, Annike Flo
Kostymedesign: Zofia Jakubiec
Lysdesign: Martin Myrvold
Scenografi og kostymeproduksjon: Annike Flo, Hroar Hesselberg, Anette Cecilie Danielsen, Fie von Veer, Lærke Bang Barfod
Sminke: Elise Ommundsen Granli
Produsent: Inger-Marie Lupton
Interns: Silje Joner