Kenneth Lien og Center of the Universe

Endeleg! Midt i den mørkaste januarnatta blir Sprang omgjort til klubbscene der me kan love god kok på dansegolvet.

Laurdag 20. januar kl 19:00. Billettar finn du her.

Kenneth Lien er multiinstrumentalist med røter i black metal og improvisert rock. Han trakterar ei rekke folkemusikkinstrument, som fele, hardingfele, seljefløyte og munnharpe.
Han er mest kjent frå trioen Ævestaden, men har også bemerka seg på kappleiksscena med fleire sigrar med munnharpa.

Om du har fått med deg NRK-serien Trollstemt har du fått følge Kenneth i leitinga etter mystikk og musikk med hypnotiserande kraft.

Jørgen Skjulstad er musikar og DJ, best kjent som Center of the Universe eller DJ Sissyfus. Saman har dei gjeve ut plata Snu hver stein, som vann Folkelarmprisen 2023 i Åpen klasse. På plata utforskar dei likskapar mellom norsk folkemusikk og elektronika, og gjennom å nettopp snu kvar stein har dei funne mange; som den hypnotiske pulsen, den mystiske stemninga og det suggererande tempoet.
Her er det berre å glede seg til ein kveld med drivande rytmer, der jantelov og hemningar blir lagt att ved inngangen, og der hælklask og springarsteg blir blanda med vektlaus kontaktimpro og rytmiske grand jetés over golvet…