Økohelter

Tysdag 5. mars kl 18:00. Billettar finn du her.

Kven er eigentleg dei små skapningane som lever på og under skogbotnen? I danseforestillinga Økohelter får barna bli med inn i ei yrande og poetisk mikroverd – og sjølve bidra til kretsløpet i naturen. Med skogen som tema er Økohelter ei altoppslukande danseforestilling om dei heltemodige små skapningane som kvar dag arbeider hardt for å halde skogen levande.

Fire dansarar syner oss korleis småkryp, sopp og planter veks og viklar seg saman, ryddar og byggjer. Publikum sit rundt scena, før dei gradvis blir invitert med inn i arbeidet. Det er både høgtideleg og leikent – og med stort rom for undring over korleis livet i skogen heng saman.
Økohelter balanserer mellom fantasi og fakta, og er ei leiken utforsking av skogen og dei små superheltane der.

Forestillinga varar i ca 40 minutt, og høver for barn frå 4 år og oppover, og for leikne vaksne.

Konsept, koreografi og utøving:
STICKY: Olivia Edginton, Maria Lothe, Ingvild Marstein Olsen, Hannah Parsons.
Musikk av og med STICKY, arrangert av Hannah Parsons
Kostymedesignar: Tanja Andreeva
Kostymeassistent: Celina Vimme
Scenografar: Baum & Leahy
Scenografiassistent: Damien Ajavon
Kunstnerisk rettleiar: Karstein Solli
Grafisk design: Maria Telle Brendmoe
Produsent: Maria Lothe