Liminaria

Urpremiere i Sprang laurdag 11. november

Grøsser, skrekk og dans møtast endelig på scena! Desse må da vera som skapt for kvarandre?
Dette blir ikkje ei skremselsoppleving der ein skvett og skjelv, men ein seig psykologisk thriller.
For det psykologiske går inn i det mest primale og grunnleggjande ved mennesket. Det er her det sårbare rører borti det beste og det verste i oss.

Me møter fire menneskeaktige vesen, med androgyn utsjånad som ser underleg like ut. Dette er ei reise mot å bli menneskeleg, mot å bli seg sjølv, eit individ, gjennom fleire stadie og projeksjonar av det fryktelege, det stygge, det grusomme, og kanskje noko vakkert.

Liminaria er eit samarbeid mellom Sudesh Adhana og Nora Svenning, og med seg på laget har dei dansarane Ornilia Ubisse og Michael Aspli.
Ein viktig del av stykket er også samarbeidet med lysdesignar Mats Bergström, foley-artist Roy Fenstad, SFX-makeup artist Jim Udenberg, scenograf Carl Nilssen Love og kostymedesignar Marita S. Ølander.

Etter residensopphald på Sprang i 2022 kjem teamet no attende til Ål for å spreie gåsehud og uro frå Halloween og heilt fram til urpremiere.

Forestillinga er co-produsert av Bærum Kulturhus Dans Sørøst-Norge og Scenekunst Sør-Øst. Ho er støtta av Norsk Kulturfond (Kulturdirektoratet).