BILL.MERK.: HEIL VED


Høgtsvevande og hardbarka, men også kjenslevar og jordnær hallingdansar
søkjer henrivande publikum.
Og draumedama.
Alt av interesse.
Kunnskap om folkedans og ved ikkje eit krav.

Monica Valsø plantar idéar og råd ved framveksten av attraktive omgjevnader på scena og Daniel Kolstad Gimle set oss i eit godt lys. Morten Kjerstad og Vetle Springgard bidreg med innspel til kva ord og handlingar som blir felt og kløyvd.

Kom på forestilling på Sprang i Ål kulturhus laurdag 16. september 2023. Underteikna stiller med to trufaste wingmenn og musikarar ved namn Sivert Holmen og Andreas Bratlie.

Mvh håpefull Ådne Geicke Kolbjørnshus.


Forestillinga er laga i samarbeid med Riksscenen og Sprang.
Støtta av Kulturrådet, FFUK, Fritt Ord og Senter for folkemusikk og folkedans.

ETTER FORESTILLING BYR ME PÅ DANSEFEST!