Residens

Sprang tilbyr residens for dansekunstnarar, koreografar og kompani som arbeider med dans og koreografi, i alle fasar av eit prosjekt. Sjå film på Facebook her.

Open Call for residensnettverket Dans Sørøst-Norge 2024-2025 er avslutta, ny open call kjem våren 2024.

Kunstnarar i residens får nytte seg av Sprang sine topp moderne produksjonslokaler. I tillegg kan staben ved Sprang og kulturhuset bidra med administrativ, teknisk og kunstnarleg bistand ved behov. Kunstnarar i residens får også moglegheit til å nytte seg av teknisk utstyr, og administrasjonen kan bistå med booking av teknisk personale til rigg, design og teknisk avvikling.

I samband med residensar arrangerer me ulike publikumstiltak som til dømes opne visningar, workshops, kunstnarsamtaler etc, etter avtale med kunstnarane.

I enkelte tilfelle kan me også inngå avtale om større co-produksjonssamarbeid. Co-produksjon inneber til dømes at me gir støtte til, og bidreg til realiseringa av produksjonar, som seinare visast på Sprang. Co-produksjonsstøtte vil variere frå prosjekt til prosjekt, ut frå kva prosjektet vil krevje, og kva Sprang har av tilgjengelege ressursar i den bestemte perioden.

I samarbeid med Hallingdal Feriepark kan me tilby bustad i moderne designhytter, i gangavstand til Sprang/Ål kulturhus, Ål sentrum og Ål stasjon.

Residensane våre er mogleggjort gjennom støtte frå Viken Fylkeskommune.

Samarbeidspartnarar

Praktisk info for kunstnarar i residens

Last ned dokument her.