Danse mi dokke, springe min hest

Sundag 25. februar kl 14:00. Billettar finn du her.

I denne forestillinga får me møte dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynten. Når Berit spelar på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å danse. Korleis får ho det til? Er det ein slags magi i den gamle musikken, som vekkjer dei til live? Og er det eigentleg noko moro å vere ei dansedokke, når du berre får danse når ein annan bestemmer det?

Danse mi dokke, springe min hest er basert på ein fleire hundre år gamal tradisjon: Dansedokker (marionetter) til langeleikspel. Historia i forestillinga spinn rundt Berit på Pynten, ein kjend langeleikspelar som levde i Valdres på 1800-talet. Berit budde på ein liten husmannsplass i Vestre Slidre, og brukte å underhalde folk som kom reisande forbi. Ho spelte langeleik, sang og dansa – og var kjent for å bruke dansedokker, som ho festa i ein tråd i handa då hun spelte langeleik. Etter Berit finst det mange spennande historier og nedskriven musikk – mellom anna frå Edvard Grieg, som ein gong var på besøk på ei av reisene sine.

Medverkande:
Ingrid Lingaas Fossum: Langeleik, dans, sang.
Brigitte Blomlie: Dans, sang.
Tuva Færden: Dans, kraviklyre, sang.

Regikonsulent: Silje Risdal Liahagen

Produsert i samarbeid med Riksscenen og Hilmarfestivalen.

Støtta av Kulturrådet, Valdres Natur- og kulturpark, Furestiftelsen og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Utøvarane har også hatt residens på Sprang landsdelscene for dans.