SKAUT / Storhelg

Under arrangementet Storhelg 2021 synte me danseframsyninga SKAUT av FRIKAR.

Kva kan ei kvinne vera? Er det noko i dag ho ikkje kan eller bør vera? Finst det noko kvinneleg og mandig i dansen og kva skjer med kjønnsrollene i den norske folkedansen når kvinna får spela begge rollar og ta dei heftigaste “karstykka”?

I Noreg har skautet blitt brukt til å både kontrollere og søkje fridom. Kan norske kleds- og bevegelsestradisjonar gje nytt perspektiv til dagens bruk av hijab?

I SKAUT fokuserer koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar og sler ut håret gjennom bunden samtidsdans og fri folkedans.

I forkant av framsyninga visast filmen Kalde Mønster.

Dansefilmen «Kalde Mønster» er resultatet av Bygda Dansar sitt prosjekt i Troms; «Arktisk Takt». Både utøvarane, dansematerialet og musikken er frå Troms, og den er filma i Øverbygd.

Filmen er ein episodisk novellefilm der samspelet mellom ungdommane i filmen er sentral, både som medmenneske og dansarar. Nærleik, rytmikk og krafta i dansen er dei sentrale elementa. Handlinga er underbygd med sitat frå eldre kjelder og intervju om dans i Troms og områda rundt.

Storhelg

Storhelg i Hallingdal er, som namnet tilseier, eit stort, årleg treffpunkt for ungdom frå heile landet, i regi av Hallingdal Juniorspelemannslag. Storhelga startar med forestilling i Ål Kulturhus fredag kveld, før helga held fram med ulike kurs både på Hugnadheim på Torpo og på kulturhuset. Laurdag kveld er det duka for konsert og dansefest på Hugnadheim, og etter meir øving på sundag blir heile festivalen avslutta med forestillinga «Meister og elev» på Ål Kulturhus.