Ulf Nilseng

I oktober skulle dansekunstar Ulf Nilseng hatt residensopphald på Sprang gjennom nettverket Dans Sørøst-Norge. Dette er utsett på ubestemt tid grunna c-19 restriksjonar.

Ulf Nilseng er ein markant, særprega og viktig stemme i den norske dansekunsten. I nasjonal samanheng er det få som så standhaftig og konsistent har skapt kunst som kan karakteriserast som queer.

Ulf Nilseng er utdannet ved Statens Balletthøgskole, og har arbeida som dansar for m.a. Un-Magritt Nordseth, Ina Christel Johannessen, Ellen Johannesen, Lise Ferner, Per Olav Sørensen og Amanda Steggel. Han har også over lengre tid arbeidd for kompania Det motsatte prosjekt under regissør Jon Tombre og Kreutzerkompani under koreograf Eva Cecilie Richardsen. Han er tildelt ei rekke arbeidsstipend og reisestipend frå Kulturrådet, og har også vore aktiv som styremedlem i NoDa, forbundet for dansarar, koreografar og pedagogar, og har også hatt verv som medlem i Statens stipendkomité for dansekunstnarar.