Frid i skogen den grøne

“Frid i skogen den grøne” er ei forestilling for born som blandar folkedans og -musikk med ei forteljande teaterform bygd på ei nyskreve tekst av forfattar Sigmund Løvåsen.

Framsyninga er produsert av Margit Myhr i samarbeid med Riksscenen og Sprang, og har urpremiere på Riksscenen 10. oktober 2021.

Medverkande:

Margit Myhr – idé, skodespel, dans, song
Helga Myhr – musikar, komponist
Jimmy Meurling – regi og koreografi
Sigmund Løvåsen – manusforfattar
Monica Valsø – scenograf