Uventa


Antero Hein har vore ein pioner innan det skandinaviske parkourmiljøet, og som dansekunstnar ynskjer han no å lyfte parkouren inn i scenerommet. Parkour er ei rørsleform der utøvaren har som mål å bevege seg mest mogeleg energieffektivt i eit komplekst, urbant miljø.

I Uventa smeltar den akrobatiske råskapen i parkouren saman med eit stille alvor mellom utøvarane og omgjevnadane i deira møte med moderne teknologi, utan at det uventa og uforutsigbare forsvinn. To parkourutøvarar og ein musikar utforskar korleis kommunikasjonsteknologien i dag påverkar psyke, kropp og hormonar på lik line med rørsle og fysisk interaksjon. Det heile foregår i ein delikat rigg av stål og tre, lyssatt av projektorar som dansar saman med rørslene til utøvarane.


Framsyninga vart produsert på Sprang vinteren 2022, før premiere og fire utselde hus på Dansens Hus i mars 2023.

Koreografi: Antero Hein
Medskapande utøvarar: Severin Romer Iversen, Nikolai Arnesen og Tommy Jansen
Komponist: Tommy Jansen
Scenografi: Carl Nilssen Love
Dramaturg: Cecilie L. Steen
Ytre auge: Geir Hytten
Lys- og videodesign: Reidar Richardsen
Produsent: Helle Levang Moum
Produsent, kostymer og øvrig lys-og videodesign: Antero Hein
Foto: Yaniv Cohen
Støtta av Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Oslo kommune, SPENN, Forprosjekt og Prosjektstøtte Kulturrådet,
Viken Fylkeskommune.
Samprodusert av: DansiT, Dansens Hus, Bærum Kulturhus/Sprang (Dans Sørøst Norge).