Hybris: Choreographing Whiteness

I høve Skeivt Kulturår 2022 inviterte Sprang til ein kveld der samtidsdansen byr opp til fest i møte med rap, skeiv subkultur og populærkulturelle fordommar. Det sjølvbiografiske soloshowet Hybris er ei kraftbombe fylt av intense dansenummer, raplåtar på Høyanger-dialekt og treningsøvingar i 1980-talsstil med tights og sveitteband.

Det blir ein salig samansett kombinasjon når Øren tar kjende referansar frå den svarte kvinnelege rap-estetikken og pakkar den inn i kvit hud og norsk språk. For korleis har det seg at ein «smalltown boy» frå vestlandet kan kjenne seg heime i den objektiviserte framstillinga av afroamerikanske kvinner?

Ein kveld full av latter, ubehag og feststemning, krydra med klisjéar, kulturkollisjonar og tonnevis av «fierce, effortles & unbothered attitude».