Danse Staur Danse Staur

Å danse staur er eit nordnorsk begrep for å danse saman med ein av same kjønn. Dette var vanleg mellom anna under Lofotfisket, der menn dansa med menn, utan at det vart sett på som meir merkeleg enn kortspel, slåssing og synging. Å danse staur, eller å staure, vart også brukt når to kvinner dansa saman. Eitt døme er måten kvinnene i nord har dansa sin polsdans: utagerande og med stor kraft.

Framsyninga vart vist i Sprang fredag 14. oktober 2022, i samarbeid med Storhelg i Hallingdal.

Dansekompaniet Kartellet har i denne framsyninga for fyrste gong teke med kvinnelege dansarar, noko som gjev nye perspektiv på dans, kjønn og forventa atferd mellom kjønna. Det mannlege, det kvinnelege og det menneskelege står sentralt i denne produksjonen. Sitande på dansegolvet kjem du som publikum så nær både den levande, drivande musikken og leiken gjennom heftig dans, at det godt skal la seg gjera å ikkje bli drege med.