Sommarfuglar

«Sommarfuglar» er ei forteljing om dei historiske personane Liv Engebrektsdotter og Eivind Gudbrandsgard, kalla Fange-Liv og Eivind Fredlaus. Dei levde i Hallingdal for 300 år sidan, men vart båe dømde til døden for drap. Ho for å ha teke livet av sitt nyfødde barn, han for å ha knivstukke ein sambygding etter ein diskusjon om tømmer.

Korleis såg samtida på ugjerning og straff? Fekk dei mistenkte ei rettvis handsaming av saka? I forteljinga møter me Sorenskriverfrua i tida under rettssakene. Ho les i rettsbøkene og fylgjer sakene om desse to forbrytarane frå Ål, og i fantasien hennar trer dei levande fram og tek til motmæle.
Forestillinga er eit scenisk drama med song, spel og dans.

Sorenskriverfrua: Marit Sehl
Liv: Ingunn Stræte
Eivind: Vetle Springgard
Tekst: Eldgrim Springgard
Musikk: Jo Asgeir Lie
Regi: Vetle Springgard

Framsyninga er produsert på Sprang og hadde urpremiere der fredag 28. mai under Folkemusikkveka 2021.