Folkemusikkveka 2021

Folkemusikkveka vert i 2021 gjennomført gjennom fleire ulike arrangement gjennom året.

På Sprang kan ein under årets festival få oppleve:

Sommarfuglar 28. mai
Les meir om forestillinga her. 

Kvedarrekrutten og Kvedarkvintetten 29. mai
– Konsert med ungdommar frå heile Hallingdal, som gjennom kulturskulen og prosjektet Kvedarrekrutten har lært seg kveding med Kvedarkvintetten som lærarar. På konserten skal ungdommane opptre saman med Kvedarkvintetten. Hallingdal Dansekompani står også på scena, med koreografi av Camilla Spidsøe og musikk ved Margit Myhr.