Evening Prayer

Evening Prayer ynskjer å oppfordre publikum til å reflektere og tenkje over korleis me engasjerar oss i det politiske landskapet. Forestillinga set fokus på farane ved polarisering, einsidige lover og resultatet av å stilleteiande og likegyldig ikkje gjere noko mot diskriminering av mindretalet.

Evening Prayer undersøkjer også den tynne lina mellom politisk arbeid og protestar som opnar opp for ulike måtar å tenkje på for oss menneske – og påverknaden me har på kvarandre verda rundt. Forestillinga utforskar tilstanden å vere i protest i vår demokratiske verd, og korleis me kan assosiere oss med mangfaldet i den stadig meir polariserte verda me lever i.

Korleis kan me skape eit rom der me kan reflektere heller enn å bestemme kva som er rett og gale?
Me kan gjere oss sjølve i stand til å bli gode lyttarar – ikkje berre følgje etter mengda.

Framsyninga Evening Prayer vart produsert på Sprang våren 2021, og kom attende som gjestespel i mars 2022. 

Dansarar: Stian Bergdølmo,
Oliver sale, Durga Biswokarma, Sudesh Adhana, Sarjo Sankhare
Scenografi : Kjerstil Alm Erikson
Musikk : Houwida gulli
Video: Camille lacade
lysdesign: Paul Vidar
Produsent : Frida Skiner

Residens/medprodusent:
Bærum kulturhus – dans Sørøst Norge, Sprang og R.E.D Residency Eina danz

Ein xproarts produksjon.

Produsert med stønad frå Norsk kulturråd.