Livmødre

Mamelukk (tidlegare kjende som Mamalooks) er eit kvinneleg lausdanskompani som etter residens på Sprang i 2021 hadde urpremiere på stykket Livmødre på Riksscenen 8. mars 2022.

Framsyninga vart også vist på Sprang laurdag 28. mai under Folkemusikkveka 2022.

Om prosjektet:

Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor.
5 kvinnelege dansarar ynskjer å utforske korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finnast gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar?
Me går inn i kreativ prosess rundt menstruasjonssmerter, eggløsning og graviditet og leitar etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Eit oppgjer med folkedansen si stereotypiske oppfatning av korleis kvinneleg dans skal vere.

Medverkande:

Silje Onstad Hålien – koreografi

Susanne Marko – dramaturg

Selma French Bolstad – musikalsk bearbeiding og komposisjon

Solveig Hårdnes, Margit Myhr, Anita Vika Langødegård, Brigitte Halldis Hegge Blomlie – medskapande dansarar

Solveig Wang – musiker

Signe Vasshus – kostymedesign

Daniel Kolstad Gimle – lysdesign