SVIV

Margit Myhr er skodespelar, dansar og songar frå Ål, og ein av våre fremste formidlarar av scenisk folkekunst. I denne forestillinga tar ho utgangspunkt i “sviveturen”, den mest minimalistiske og suggererande delen av folkedansen vår. Sviving er eit verkemiddel ein finn att i ulike former i nær sagt alle danseuttrykk verda over, frå klassisk ballett til sufidans og då ikkje minst i folkedansen. Kva er det som gjer at vi trekkast mot desse sirkulære rørslene? SVIV er ei unik visuell oppleving der dans, kostyme, videokunst og musikk går saman i ein samhandlande heilskap.

Margit Myhr – dans, koreografi og idé
Erlend Apneseth – musikk og komposisjon
Stephan Meidell – musikk og komposisjon
Klara Sofie Ludvigsen – video
Fredrik Rysjedal – video
Jimmy Meurling – regi
Anna Wingård – kostyme
Ami Petersson Dregelid – dansekonsulent
Thorolf Thuestad – lyd
Ida Andersson – lys

SVIV er produsert av Margit Myhr og Riksscenen i samarbeid med Sprang.
Framsyninga hadde urpremiere på Riksscenen i 2020, og vart vist på Sprang i juni 2021.

https://www.facebook.com/106075837586686/videos/716628252478018